Roser

22. juli - me aldri må gløyma

Pressemelding frå Etne kommune ved fungerande ordførar, Kenneth Lyng Karlsen

22. juli kjem alltid til å bli ein dag som vekkjer sterke kjensler i oss alle. Me veit alle kor me var når nyheitene meldte om terror og tragedie på Utøya og i regjeringskvartalet. Me kunne ikkje tru at noko slikt kunne skje i landet vårt.
Etter kvart som åra går, føreligg det oss eit ekstra stort ansvar i å ikkje gløyma. «Me møter hat med samhald», sa kronprins Haakon i samband med rosetoget, og me skal også minnast at Norge ikkje er avskoren frå kva som skjer rundt oss i verda.

Norge er eit av dei beste landa å bu i. Me lever forholdsvis trygge og gode liv her oppe i nord, men me skal aldri gløyma terroren som skjedde i Norge den 22. juli.
For å ikkje gløyma, må me minnast.

På vegne av Etne kommune vil eg minnast dei som mista sine liv, den tragiske 22. juli dagen for 9 år sidan, og senda omtanke til dei attlevande.
Ta ekstra godt vare på kvarandre i dag.


Kenneth Lyng Karlsen
Fungerande ordførar

Tips ein ven  Skriv ut