candlelight-1382876-m

43 branndøde hittil i år

Langt fleire personar er registrert omkomne i brannar etter tredje kvartal i år, samanlikna med tilsvarande periode i fjor. Då viste dødsbrannstatistikken 28 omkomne etter ni månader.

-Sammenlignet med dødsbrannstatistikk for de to forutgående årene, er resultatet etter årets tredje kvartal nedslående. Det er fare for at vi igjen nærmer oss det som tidligere var «normalen», med rundt 60 branndøde per år, sier administrerende direktør Dagfinn Kalheim i Norsk brannvernforening.

Fyringssesongen har starta og mørketida er i anmarsj. Dette innebærer blant anna større belastning på el-anlegg i boligar, flittigare bruk av pipe og eldstad, samt utstrekt bruk av stearinlys.

-Når det gjeld brannar med dødeleg utgang, er det nettopp bruk av elektrisitet og bar eld som er dei viktigaste gjengangarane blant brannårsakene, poengterer Kalheim.

Han oppfordrar derfor alle til å gjennomføre desse 5 punkta for å trygge seg sjølv og omgjevnadane sine:

  1. Sørg for at du har fungerande og tilstrekkeleg tal røykvarslarar. I tillegg til den vanlege testen, sjekk at du høyrer dei så godt frå soverommet at du sannsynlegvis vil vakne av lyden.
  2. Få utført ein el-kontroll av eigen bustad. Slik kan du redusera moglegheitene for at du har skjulte feil og manglar som bidreg til auka brannrisiko.
  3. Installer komfyrvakt. Komfyren er ein brannversting. Ein komfyrvakt vil slå av straumen om det blir for varmt, og hindre at ein brann oppstår om du skulle gløyme noko på komfyren.
  4. Ver ekstra varsom ved bruk av levande lys. Tenk på kor dei vert plasserte og ikkje forlat rom med stearinlys tent.
  5. Sørg for rikeleg avstand frå eldstad til anna brennbart. Bruk kun flis, opptenningsved eller fyringsbriketter til opptenning. Ikkje bruk brennbare væsker.
Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut