Psykisk helse

Psykisk Helse

Kid-kurs er for personar som kjenner seg nedstemt eller er lett til moderat deprimerte.

KID-logo.jpg

Å vere nedstemt eller deprimert må vere av ein slik art at det går ut over evna til å fungere og eigen livskvalitet. Teikn/symptom på dette kan vere uro, grubling, konsentrasjonsvanskar, tilbaketrekking/isolering, å vere trist, søvnvanskar, lite tiltakslyst/initiativ, kjensle av å vere verdilaus, fråvær av glede og irritabilitet. Kurset er basert på undervisning der deltakarane lærer ein kognitiv forståingsmodell knytt til depresjon. Deltakarane lærer teknikkar og metodar retta mot å endra tanke og handlingsmønster som vedlikeheld nedstemthet/depresjon.

Kurset går over 10 samlingar, kvar på 2,5 timer med innlagt pause. Kurset er i regi av psykisk helse i kommunen.

Planlagde kurs:
Vindafjord - Haust 2015
Etne - Vår 2016
Sauda - Haust 2015
Suldal - Haust 2015

 

 

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut