Du er her: Heim Politikk og demokrati Val
valg-2013-liten

Val 2013

Sjå valresultatet for Etne kommune på

valgresultat.no

_________________________________________________________________________________

I 2013 skal det haldast Stortings- og sametingsval. Valdagen er måndag 9. september 2013.

Dei fem røystekrinsane me har i Etne kommune nyttar følgjande lokale og har desse opningstidene:

Etnesjøen Etne Kulturhus 10.00 - 20.00
Skånevik Skånevik skule 10.00 - 20.00
Fjæra Fjæra skule 15.00 - 20.00
Rygg Rygg skule 15.00 - 20.00
Sævareid Sævareid skule 15.00 - 20.00

 

Valkort er sendt ut. Valkorta inneheld mellom anna informasjon om krinsen du høyrer til og røystestad.

 

Står du i manntalet?

 

Førehandsrøysting

Same kvar i landet du er busett kan du førehandsrøyste i kva for ein kommune du vil. Førehandsrøysta blir sendt til heimekommunen din.

Førehandsrøystinga startar 12.08.13 (vanlegvis 10.8. - men på grunn av helg vert det fyrste måndagen etter) og varer fram til og med 06.09.13.

I denne tida er det mogleg å førehandsrøysta kvar dag frå kl 09:00 – kl 15:00 på Tenestetorget i Etne Tinghus.

Det blir utvida med langdagar slik at torsdag 22.08.13 og onsdag 04.09.13 er ope for førehandsrøysting på Etne Tinghus og på Skånevik Omsorgssenter frå kl 17:00 – kl 20:00.

Onsdag 21.08.13 vert det førehandsrøysting på Åkrafjordtunet frå kl 16:00 – kl 18:00.

 

Helgeope

I tillegg blir det mogleg å førehandsrøysta 2 helger i Etne, 1 helg i Skånevik og 1 helg på Åkrafjordtunet:

Etne Tinghus
Laurdag 24. august 2013 13.00 - 15.00
Sundag 25. august 2013 14.00 - 17.00
Laurdag 31. august 2013 13.00 - 15.00
Sundag 1. september 2013 14.00 - 17.00

 

Skånevik Omsorgssenter
Laurdag 24. august 2013 13.00 - 15.00
Sundag 25. august 2013 13.00 - 16.00

 

Åkrafjordtunet
Laurdag 31. august 2013 16.00 - 18.00
Sundag 1. september 2013 17.00 - 19.00

 

AMBULERANDE RØYSTING
Dersom du p.g.a. sjukdom eller dersom du er ufør og av den grunn ikkje kan koma til vallokalet på valdagen den 09.09.13 og heller ikkje kan førehandsrøysta kan du søkja om å få røysta heime. Søknaden kan vera skriftleg eller du kan ta kontakt på tlf 53 75 80 00.

Søknad om slik røysting må vera Etne Valstyre i hende innan fredag 30.08.13. Ambulerande røysting vil bli gjennomført tysdag 03.09.13.

RØYSTING PÅ INSTITUSJON:
Skånevik Omsorgssenter:
Laurdag 24.08.13 frå kl 11:00 – kl 13:00

Etne Omsorgssenter:
Tysdag 27.08.13 frå kl 10:00 – kl 12:00

 
Kvar kan du røyste?

På valdagen må du røyste i den kommunen du er manntalsført, det vil seie den kommunen der du var registrert i folkeregisteret som busett pr. 30. juni 2013.

Skal du røyste på førehand, kan du gjere det i kommunar kvar som helst i landet. Førehandsrøysting kan gjerast som tidlegrøysting frå 1.juli. Den ordinære førehandsrøystinga startar 12. august. Fristen for å røyste på førehand i Noreg er seinast 6. september. Dersom du røyster på førehand i ein annan kommune enn heimkommunen din, vil røysta automatisk bli sendt til heimkommunen.

Ta derfor kontakt med kommunen for nærare informasjon om vallokale og opningstider.

Dersom du er på ferie eller er i utlandet av andre grunnar og ikkje får røysta i Noreg, kan du røyste på førehand hos mange av dei norske utanriksstasjonane. Fristen for å røyste på førehand utanriks er innan 30. august.

 

Linkar

Stemmerettsjubileet 2013

Stemmerettsjubileet 2013 i Hordaland

Stortingsval 2013

Tips ein ven  Skriv ut