Tilskot foto

Tilskot til lag og organisasjonar

Kultureininga i Etne kommune deler også i år ut driftstilskott til lag og organisasjonar som driv med idrettsaktivitetar, musikk og song og til barne- og ungdomsorganisasjonar. 

For 2019 er me glade for å fortelja at tilskotspotten er auka med 30% i høve til tidlegare år!
Meir informasjon og søknadsskjema finn du her.
Søknadsfrist 15. mars 2019.

Me minner også om tilskotsordningane

Den kulturelle skulesekken som skal medverka til at elevar i skulen får møta profesjonell kunst og kultur av alle slag. Aktuelle tiltak må organiserast i samarbeid med skulen.

Den kulturelle spaserstokken som har som mål å sørgja for profesjonell kunst- og kulturformidling av høg kvalitet til eldre.

Organisasjonar, institusjonar og andre kan søkja om midlar til arrangement som kjem inn under desse målsetjingane. Det kan søkjast om tilskott forskotsvis gjennom heile året.

Ta kontakt med kultur@etne.kommune.no eller Morten Odeén tlf 53 75 81 24 / Liv-Kari Bødtker tlf 53 75 81 28 dersom du har spørsmål til søknadsordningane eller vanskar med utfylling av søknad.

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut