Røgelstad

Vidare til fylkesmønstring i UKM

Desse gjekk vidare til fylkesmønstringa

UKM for Etne gjekk av stabelen 22. februar med 14 innslag innan song, musikk, dans og kunst. Juryen på fire personar hadde nok kanskje tidenes vanskelegaste jobb då dei skulle peika ut innslaga som får gå vidare til fylkesmønstringa. Alle heldt eit nivå som gjorde dei til aktuelle og flotte ambassadørar for ungdomskulturen i Etne! Men, reglane seier at ein berre kan sende vidare 3 sceneinnslag og 3 kunstinnslag. Dei innslaga som går vidare til fylkesmønstringa på Os Kulturhus (Oseana) 05.-07.april er:

1. Andrea Ximena - Flygel, egenkomponert song.

2. Robert Røgelststad - Gitarmedley

3. Søstrene Hustvedt - Song

4. Helena Heggelund Solheim - Teikning

5. Ingrid Hustvedt - Digital teikning

6. Silje Johanson - Digital teikning

På bildet: Robert Røgelstad (Foto: Øystein Birkenes)

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut