illustration-of-a-question-ma

Spørjeundesøking til frivillege lag og organisasjonar

Kultureininga i Etne kommune er i ferd med å gjennomføra ei kartlegging av det frivillige arbeidet i kommunen i samarbeid med Frivillighet Norge.

Svara vil gi informasjon om organisasjonane sine ønske og behov. Dette vil skapa grunnlag for betre samhandling på tvers av organisasjonane, og mellom kommunen og organisasjonane. Informasjonen frå undersøkinga skal også brukast i arbeidet med Kulturplanen for Etne kommune. Kartlegginga er finansiert med tilskot frå Hordaland Fylkeskommune.

 

Den 9. april blei det sendt ut e-post til om lag 100 frivillege og ideelle lag og organisasjonar. E-posten inneheldt eit nettbasert spørjeskjema mottakarane blir bedne om å svara på innan utgangen av april. Frivillighet Norge oppsummerer så svara, og resultatet av undersøkinga blir presentert for kommunen før sommaren. Truleg legg me også opp til ein presentasjon for lag og organisasjonar seinare.

 

Kultureininga har brukt tid på å skaffa rette e-postadresse til leiar/kontaktperson i laga våre nå i vår, men manglar framleis ein liten del. Er DU kontaktperson for eit lag som ikkje har fått undersøkinga, ber me deg ta kontakt med kulturkontoret kultur@etne.kommune.no eller telefon  53758128 snarast. (Fag-, nærings- og yrkesorganisasjonar er ikkje mottakarar av undersøkinga).

 

Respondenter_Side_1.jpg

Respondenter_Side_2.jpg

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut