Oversiktskart

Detaljreguleringsplan for Gjerdsvik naustområde

Nytt varsel om oppstart grunna utvida planområde

Kommunedelplan.png

I samsvar med § 12-8 i Plan og bygningslova, vil me med dette informera om at Omega areal AS på vegne av
grunneigarar og rettshavarar skal utarbeide forslag til reguleringsplan for naust og småbåthamn mm i Osvåg,
Etne kommune. Planområdet går fram av kart. Varsel om oppstart er lagt ut på heimesida til Etne kommune og
areal.omega.no.

Området er nå utvida til å omfatte område registrert med dvergålegras. Grunngjevinga for å utvida området er
for å auke avstanden mellom dvergålegraset og utbyggingstiltak, innlemme og auke storleik på omsynssona,
redusere talet på naust frå 18 til 14 og for å kunne leggje inn føresegner som styrer bruken av heile området.

For nærare informasjon kan du kontakta Omega Areal AS, tlf. 975 40 000.

Eventuelle merknader til oppstart av planarbeidet kan sendast til
Omega areal AS, Kvassanesvegen 4, 5582 Ølensvåg eller areal@omega.no - innan 06.06.2019.

Etter at meldingsfristen er ute vil sjølve planforslaget verta utarbeidd og innsendt til kommunen. Etter første
gongs handsaming vert planen utlagt til offentleg ettersyn. Det vil då vere høve til å komma med eventuelle
merknader og motsegn mot planforslaget før endeleg handsaming av planen.

Møtereferat nytt oppstartmøte 25032019.pdf

Utvida varslingskart 260419.pdf

 

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut