IMG_3956_Solveig Kvamme_breidde

«Friluftslivets veke» i Etne

Aktivitetsdag og Natt-i-naturen på Osnes og Tur til gapahuken på Varleitet

Velkommen til eit arrangement for alle; barnefamiliar, ungdommar, einslege, par, unge i sinnet – bli med, dette skal bli gøy! Arrangementet er gratis.

Aktivitetsdag og Natt-i-naturen på Osnes laurdag 31. august

Frå kl 16:00: Ettermiddag i friluft med friske aktiviteter og matpause.
Det blir «Tur Tipp» med ulike poster fra Barnas Turlag. Besøk av Barnas Turlag sin rev «Turbo», padling i kano, sambandstrening med VHF radioar, luftgevær-konkurranse og presisjonskast med fiskestang.
Me har fyr på grill og bålpanner, og sørger for nytrakta kaffi og reint drikkevatn.
Ta med grillmat/niste! (For dei som overnattar blir det gratis varm kveldsmat).

 

Frå ca. kl. 19.00: Dette er natta då «heile Noreg» skal sova ute i naturen!
For dei som vil overnatta blir det kos rundt bålet utover kvelden og når det mørknar, startar «refleksjakta» Og etterkvart kryp vi soveposane.
Frukost i lag søndag morgon før me pakkar i saman og dreg heim ca kl 11:00. Ta med niste til frukost!

 

Treng du låna telt, sovepose, liggeunderlag m.m. 
eller treng du transport for å komma deg til Osnes,
ta kontakt med Solveig tlf 902 38 354, frivillig.etne@gmail.com
PS: Føresette/vaksne har sjølv ansvar for barna dei har med seg.

 

Tur til Gapahuken på Varleite måndag 2. september.
Start frå Etne (Kambe) og Skånevik (Skillingsflaten) kl. 16.30. Me møtes i gapahuken og har ein hyggeleg prat og nyt eiga, god niste før me returnere til start!

 

Meir info:
Etne Frivilligsentral på Facebook

www.etne.frivilligsentral.no

www.friluftslivetsuke.no

 

Arr: Etne Frivilligsentral i samarbeid med Etne Turlag, Etne Speidarar,
Etne Røde Kors, Etne Jeger- og Fiskerforening, Etne kommune, En Hjelpende Hånd

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut