Kultur på Skakke

Kultureininga til Skakke

Kultureininga i Etne kommune er flytta til Skakke frå 26. august.

I kommunestyremøtet i april i samband med økonomisk løysing for Skakke vart det m.a. vedteke at kultureininga skulle flytta kontora til Skakke for å vera tettare på kulturskule, bibliotek, lokalhistorisk arkiv, skule og ikkje minst alt som skjer på huset innan det frivillige kulturlivet. Me har no kome «heim» og gledar oss til å jobba tettare på og med både kommunalt og frivillig kulturarbeid. Du finn oss i underetasjen på Skakke – i same gangen som garderobane til idrettshallen. Velkomen til oss på Skakke!

 

Helsing

Liv-Kari Bødtker, Kulturkonsulent

Morten Odéen, Leiar Kultur

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut