Simovegen

Adresseprosjektet i Etne kommune

Forslag til vegnamn til offentleg ettersyn.

Simovegen_700x469.jpg

Etne kommune har no fått fram forslag på alle adresseverdige vegar og område. Dette har skjedd ved å

  • Nytte tidlegare vedtekne namn på vegar i sentrumsområda i kommunen. Desse vart vedtekne i kulturstyret i 1995.
  • Samarbeid med lokale personar i bestemte område. Desse har gjeve opplysningar om lokale og historiske namn og kome fram til namnforslag.
  • Nokre vegnamn er komne fram ved å sjå på lokale namn på økonomisk kartverk.
  • Lista har vore førelagd Stadnamntenesta på Vestlandet for ein gjennomgang på namneforslaga og skrivemåten av desse. Dei fleste av merknadane har ein teke til etterretning.

Skilt sau - beite.png

 

FORSLAG VEGNAMN

Kommunestyret har delegert til Utvikling ved oppmålingsavd å fastsette vegparsellar og område som skal ha eigne namn. Denne vurderinga er gjort i tråd med gjeldande reglar generelt og Adresseveiledaren.

Lista med vegnamn er lagt fram som sak i komitè drift den 04.02.2015 til fyrste gongs handsaming.

 

Komitè drift har vedteke å legge liste med forslag til namn på alle adresseverdige veier og område  i Etne kommune, ut til offentleg ettersyn i 4 veker frå dags dato.

 

Saksdokument kan sjåast på Servicetorget på Tinghuset i Etne, biblioteka i Etne og Skånevik og for nedlasting her.

 

Eventuelle merknadar eller innspel må sendast skriftleg til Etne kommune, Utvikling, Postboks 54,  5591 Etne eller post@etne.kommune.no innan 05.03.2015.

 

Her kan du lese om Adresseing av E 134 - Fellesnamn Haugesund - Odda

 

OPE MØTE

Det blir ope møte med orientering om nye vegnamn ved Jørgen Hopland

Etne bibliotek tysdag 24. februar kl. 19.00

Etne bibliotek, avd. Skånevik torsdag 26. februar kl. 19.00

 

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut