Skilt sau - beite

Adresseprosjektet i Etne kommune

Lokal høyring om stadnamn; Matskor og Tjella i Etne kommune.

Det vart av Statens Kartverk reist namnesak i 1995 på desse to stadnamna. I den pågåande adresseringsprosessen har Etne kommune vedteke Matskårsvegen og Tjellevegen. Kartverket har i ettertid funne at namnesaka i 1995 ikkje vart avgjort, og tek denne oppatt no for å få eit endeleg vedtak. Eit endeleg vedtak lyt Etne kommune rette seg etter.

I samband med igjenopptakinga av namnesaka, vert den no lagt ut på ny høyring. 

Saksdokument kan sjåast på Servicetorget på Tinghuset i Etne og her.

Eventuelle innspel må vere mottekne skriftleg til Etne kommune, Eining Utvikling, Postboks 54, 5591 Etne eller post@etne.kommune.no innan 12. februar 2016.

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut