Fjordcruise til Langfoss

Fjordcruiset varer i ca 3 timar og har ei fast rute. Me startar med utsegling frå Teigland kl 12.00 og går langs Nordsida av fjorden inn til Langfoss. På Langfoss kai blir det ein kort stopp med moglegheit for avstiging for foto og besøk i kiosken. Turen går vidare inn fjorden til bygda Fjæra innerst i Åkrafjorden. Her blir det avstiging og bygdevandring med Fjæra Kyrkje og Marine Harvest sitt nye settefiskanlegg som høgdepunkt. Etter besøket i Fjæra går turen tilbake til Langfoss via Mosnes Fyr. Den siste etappen blir segla langs sørsida av fjorden og gir oss eit innblikk i ingeniørkunsten bak den gamle Åkrafjordvegen som blei bygga under 2. verdenskrig. Ankomst Teigland kai ca kl 15.00.



Høydepunkt
- Langfoss, 612 meter
- Saga på Djuve
- Gamle Fjæra kyrkje
- Eit av Europas mest moderne settefiskanlegg
- Veglause gardar

Arrangør: ÅKRAFJORDEN OPPLEVING
: Langfoss
Tid: torsdag 1. januar
https://www.aakrafjorden.no/no/fjordcruise