Frukost med Larsemann

Førehandsomtale 27. mars 2019: LARS LUNDAL

«Same procedure as last year…»
Så vert sesong 7 av frukosten avslutta med Lars Lundal som kåsør. Han avsluttar frukost-programmet kvart år siste onsdagen i mars.

Folk og busetnad langs det 24 km lange skorfeste
Denne gongen fokuserer Lars på folk og busetnad etter at me fekk vegen i 1942. Korleis utviklinga har vore, men óg historiar frå det 24 km lange skorfeste - som Jan Gravdal (Jangen) i Haugesunds Avis kalla vegen.
Det vert lite frå sjølve vegarbeidet.

Eg føler sjølv at det kan verta interessant å vera med på mi vandring på vegen frå Tjelmeland til Fjæra.

Eg vil truleg ta på meg under forteljinga eit klesplagg som har vore mykje brukt i fjorden.
I dag er det sjeldan me ser dette arbeidstøyet.

Larsemann

Arrangør: ÅKRAFJORDTUNET
: Åkrafjordtunet
Tid: onsdag 27. mars 09:00
http://www.akrafjordtunet.no