Adventskos i Enge barnehage

Onsdag 30. november kl. 17.00-18.30 vil me gjenta suksessen frå i fjor og inviterer til adventskos. Me vil tenna lysa på juletreet vårt og alle er hjarteleg velkomne.

Folk går rundt juletreet i Enge barnehage - Klikk for stort bilde

Me skal gå rundt juletreet, du kan få høyra ein julefortelling og laga juletrepynt. Det vert servert gløgg, peparkaker og saft.

Me tenkjer at alt skal skje ute så du må kle deg etter veret.

Dette arrangementet er for alle som har lyst å komma, du treng ikkje kjenna nokon som går i barnehagen, alle er velkomne!

Helsing oss i Enge barnehage

Juletre i Enge barnehage - Klikk for stort bilde