Aktivitetsdag for menneske med nedsett funksjonsevne

Etneleikane går igjen av stabelen laurdag 27. august inne og ute på Skakke i Etne. 

 

 

Tradisjonelle og nye aktivitetar for alle aldrar og funksjonsnivå, åleine eller på lag, for eksempel bordtennis, asfalt-curling, lengdehopp, turn, leik med ball, hesteskokasting, fotball-dart, klatring og mykje anna kjekt. T-skjorte, matservering og medalje til alle som er med!

I år har invitasjonen også gått til deltakarar frå nabokommunane. Påmeldingsfrist 8. august. Dei som var med i fjor, hadde ein knallkjekk dag, og me håpar alle som jobbar med og/eller kjenner nokon i målgruppa gjer dette kjent og eventuelt hjelper til med påmelding i skjemaet under her.

Påmeldingsskjema

Arr: Etne IL, Etne Røde Kors, Etne Frivilligsentral og Etne kommune