Arbeid på Sørstrandsvegen

Det vil bli førebuingar til vegforsterkning og dekkelegging på Sørstrandsvegen, del av Gamlevegen og Eikanes dei neste vekene.

Sørstrandsvegen med dårleg vegskulder - Klikk for stort bilde 

Gravearbeid for utskifting av vegrekkverk, stikkrenne og støttemur vil foregå på Sørstrandsvegen. Trafikantane må pårekna noko ventetid. Det vil bli tatt omsyn til rutetider for skulebuss morgon og ettermiddag.

Asfaltarbeid er planlagt frå veke 38 eller 39.