Avlastingsheim og støttekontakt
Etne kommune har behov for avlastingsheim til gut på 10 år, støttekontakt for kvinne 20 år og ungdom, jente.
Avlastingsheim
Etne kommune har behov for avlastningsheim til gut på 10 år. Han har behov for ein person/familie som er tolmodig, engasjert og interessert i han, og som kan gi trygge rammer.
Småbarnsfamiliar er ikkje aktuelt, men familiar med større born er ok. Behovet på sikt er i utgangspunktet 4.kvar helg, men det kan også vera aktuelt med vekedagar i staden for.
Uavhengig av kapasitet, ynskjer me de tek kontakt, då alt er av interesse.
Støttekontakt
Det er jamnleg behov for støttekontaktar i Etne kommune.
Akkurat nå er det desse som treng:
- Kvinne i 20-åra, ynskjer støttekontakt fortrinnsvis på sin eigen alder, og kvinneleg.
2 timar/veka. Snarleg oppstart.
- Ungdom, jente, Etne: Ynskjer nokon som kan rettleie/støtte i treningsprogram på treningssenter. Bør helst ha sertifikat.
Inntil 4 timar/veka. Snarleg oppstart.
Sist endret19.01.2022 15:07