Barneverntenesta treng foreldrevikarar

Eit barn i Vindafjord kommune treng ein besøksheim, og Etne Vindafjord barnevernteneste søker etter foreldrevikar/besøksheim i samarbeid med familien det gjeld. Kan det vera deg? Som foreldrevikar kan du gjera ein stor forskjell.

ddimitrova, Pixabay  

Dette er oppdraget

Som foreldrevikar/besøksheim tar de i mot eit barn anna kvar helg og delar av skuleferiane. Foreldrevikar/besøksheim er eit frivillig hjelpetiltak i barneverntenesta. Saman med familien ser ein at det er behov for omfattande hjelp og avlasting kring dette barnet.

Barnet har ekstra behov for omsorg, tryggleik og gode opplevingar. Barnet har også behov for hjelp og støtte på fritida. Oppdraget inneber i tillegg tett oppfølging heime hos familien både på ettermiddag og kveld.

Barneverntenesta anbefaler at du ikkje har barn under 13 år. Du er likevel velkomen til å søka om du har det. Me vil saman vurdera ut i frå familiesituasjon.

De trenger ikkje å vera busett i Vindafjord, men må disponera bil og ha gyldig førarkort.

Besøksheimen erstattar ikkje barnet sin heim, men er ein ekstra ressurs for barnet og ei støtte for foreldra.

For å bli godkjent som besøksheim må du

  • Ha ein stabil livssituasjon og kunne binde deg for minst eit år.
  • Ha overskot, tid og ein ekstra sengeplass.
  • Vera glad i barn og ha evna til å bli glad i andre sine barn.
  • Ikkje ha store helseutfordringar, livskriser, rusproblem eller psykiske problem.
  • Ha daglege rutinar som er stabile og trygge.
  • Legga fram politiattest som ikkje er eldre enn tre månadar.

Det er personleg eigenskapar som blir vektlagt ved godkjenning av besøksheim. Det er ingen krav til utdanning.

Løn og arbeidstid

Barneverntenesta vil kompensera med godtgjersle, og om du er i arbeid vil barneverntenesta vurdera heilt eller delvis frikjøp.

Barneverntenesta vil rettleia og følgja opp deg som foreldrevikar/besøksheim.

Har du spørsmål?

Kontakt Turid Askeland, einingsleiar Etne Vindafjord barnevernteneste