Budsjett 2022 - økonomiplan 2022 - 2025

Formannskapet si innstilling til budsjett 2022 og økonomiplan 2022 - 2025 ligg no til offentleg ettersyn på Tinghuset og her på heimesida.

Klikk for stort bilde  

Formannskapet handsama i sitt møte 17. november 2021 forslag til budsjett 2022 og økonomiplan 2022 – 2025. Innstillinga til kommunestyret, saman med alle dokumenta, er no lagt ut til offentleg ettersyn jf. kommuneloven § 45, nr 3. Endeleg handsaming og vedtak skjer i kommunestyret sitt møte 9. desember.

Her finn du saksframlegget.

Eventuelle merknadar må sendast skriftleg til ordførar innan 6. desember 2021 til post@etne.kommune.no eller Etne kommune, Sjoarvegen 2, 5590 Etne.