Ein kjekk vinterferie for alle barn i kommunen

I 2019 og 2020 arrangerte kultureininga aktivitetsdag for grunnskuleelevane i haustferien. I år blir det gratisaktivitetar i vinterferien i samarbeid med andre kulturaktørar i kommunen.

Sjakk med Sander Fuglestein var ein av aktivitetane på Kulturell feriedag hausten 2020. 

Kultureininga i kommunen har fått tilskot frå Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (BufDir) til å arrangera gratis ferietilbod for elevane våre i 1.-7. klasse i vinterferien 2022.

Borna skal kunna velja varierte aktivitetar innan musikk, dans og drama, litteratur, kunst og handverk, idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv, historie, tradisjon og innovasjon både i Etne og Skånevik. Målet er at alle 1.-7. klassingar i kommune skal få oppleva noko kjekt i lag med andre i vinterferien, og at dette også kan bli ein døropnar til vidare deltaking i kulturlivet på fritida.

Kulturskulen og Biblioteka skal stå for ein del av aktivitetane, men også frivillige lag og organisasjonar, museum og kunstnarar er inviterte til å medverka. Dei ulike aktivitetsarrangørane får godtgjersle frå kultureininga for å bidra, og invitasjonen har føljande rammer:

  • Aktiviteten(-ane) kan føregå ein eller fleire dagar i perioden f.o.m. laurdag 26. februar t.o.m.
    søndag 6. mars.
  • Aktivitetane skal helst vera på dagtid (mellom kl 9 og 15) og vara frå om lag 2 til 6 timar.
    Ein kan tilby aktivitet ein gong/dag eller fleire gongar/dagar for ulike grupper, eventuelt kursaktivitet for same gruppa over 2-3 dagar.
  • Kultureininga kan ordna lokale ved behov, og ordnar det praktiske rundt info og påmelding

Dersom fleire er interesserte i å vera med på å gi ungane i kommunen kjekke opplevingar i vinterferien, ta kontakt snarast og seinast 17. januar med svar på føljande:

  • Kva aktivitet/kurs kan de bidra med?
  • Kva dag/dagar kan de bidra i perioden?
  • Kor stor gruppe kan de ta i mot og kva aldersgruppe?
  • Kva vil aktiviteten kosta sånn cirka?

Borna får informasjon om vinterferie-tilbodet via skulen seinare, og planen er å opna for påmelding tidleg i februar.
Me håpar mange ønskjer å vera med, både som med-arrangørar og deltakarar!

For spørsmål og detaljar, kontakt kulturkontoret ved Liv-Kari Bødtker, liv.kari.bodtker@etne.kommune.no, tlf 53 75 81 28.