Endring av koronatiltak - pressemelding 14.01.22

Frå midnatt trer dei nye nasjonale tiltaka i kraft og du kan lesa detaljane om desse i lenka under.

Dei neste vekene forventar me mange Covid-19 smitta både nasjonalt og i Etne kommune. Det er ikkje lenger eit mål å halda samfunnet fritt for smitte, men heller å tola å gjennomgå infeksjonen. Den tryggaste måten å møta Covid-19 infeksjon er med tre dosar Koronavaksine i kroppen. Det er betydeleg redusert risiko for å bli alvorleg sjuk av Koronavirus dersom ein er fullvaksinert. Det betyr ikkje at ein ikkje blir smitta, eller kan smitte andre. For det kan ein gjera, og særleg med Omikronviruset.

Omikron vil for dei fleste opplevast som ei vanleg forkjøling med sår hals, feber og snue. Ein kan mista lukt og smakssans, og få vondt i hovudet.  Får du slike symptom bør du testa deg, enten heime eller på teststasjonen.

Alle som blir smitta av Covid-19 og får ein positiv heimetest bør kontakta testkontoret i Ølen slik at ein får gjort ein PCR test. Då får me høve til å følgja opp den smitta og eventuelle husstandsmedlemmer. I tillegg blir infeksjonen registrert på Koronapasset i Helsenorge.no. Øvrige nærkontaktar blir ikkje kontakta av kommunen, men av den som er smitta. Ein må då sjølv setja seg inn karantenereglane.

Me har lenge prøvd å leva så vanleg så mogleg med strenge smittevernstiltak. Nå skal me prøva å leva så vanleg som mogleg med lettare tiltak og meir smitte. Me må akseptera smitte i samfunnet rundt oss, på både skule og arbeidsplassar. Det er en ny måte å tenkja på, og vil for dei fleste krevja litt omstilling når ein så lenge har prøvd å halde viruset på avstand.

Regjeringa opnar nå for meir aktivitet for born og ungdom, og me håpar at alle kjem seg i gang igjen med trening og aktivitetar.

Regjeringen letter på tiltakene - regjeringen.no
 

Elisabeth Selland Winterthun
Kommuneoverlege