Endring i karantenereglane

Frå 26. januar 2022 vert det endring i karantenereglane for husstandsmedlemmer og tilsvarande nære.

 

Smittekarantene på 10 døgn kan erstattast med:

• Dagleg testing i 5 døgn etter siste nærkontakt for husstandsmedlemmer og tilsvarande nære.

• Husstandsmedlemmer og tilsvarande nære som ikkje kan halda avstand til den smitta i isolasjonsperioden kan erstatta smittekarantene med dagleg testing i 11 døgn (6 døgn i den smitta sin isolasjonsperiode + 5 døgn etter dette). Dette gjeld òg barn.

• I tillegg til testregime blir det anbefalt å bruka munnbind innandørs på offentleg stad og å unngå store samankomstar og arrangement i 10 døgn etter nærkontakten. Oppmodinga om å bruka munnbind gjeld ikkje barn under 12 år, skulebarn over 12 år når dei er på skulen og dei som av medisinske eller andre årsaker ikkje kan bruka munnbind.

• Følg med på eventuelle symptom under heile perioden.

• Ved symptom skal ein halda seg heime og testa seg.

Dei nye reglane vil frå dei trer i kraft òg gjelda for dei som er i karantene på det aktuelle tidspunktet. Det betyr at testregime òg gjeld for dei. 

Personar som ikkje følgjer testregimet må vera i karantene i 10 døgn, med eventuelt testing ut av karantene ved negativ test tatt tidlegast 7 døgn etter siste nærkontakt.

Personar som har gjennomgått covid-19 siste tre månader er unnateke frå smittekarantene. I tillegg blir dei særskilde unntaka som gjeld for m.a. personell i kritiske samfunnsfunksjonar vidareført .

Ingen smittekarantene for andre nærkontaktar

Smittekarantene for nærkontaktar som ikkje er husstandsmedlemmer eller tilsvarande nære den smitta vart oppheva den 13. januar. Personane blir anbefalte å testa seg 3 og 5 døgn etter nærkontakten, og det blir anbefalt god symptomobservasjon i 10 døgn. Ved symptom skal ein halda seg heime og testa seg.

Les heile pressemeldinga frå regjeringa her: Testing erstattar smittekarantene for nærkontaktar - regjeringa.no