Etnemarknaden 2022

Etne kommune ynskjer å gratulera alle som har vore med å bidra til at Etnemarknaden har hatt eit så stort driv i så mange år. Det er fantastisk å ha marknad for 40. gong – rett og slett imponerande!  Det er også eit stort engasjement og store planar for ein god marknad, og me gler oss saman med mange andre. 

 

Etne kommune har eit ynskje om å vera den kommunen som held fast i det som er godt og tenkjer utvikling som gjer det endå betre å bu og arbeida her. Me vil vera den kommunen folk vil flytta til og vil vera med på å utvikla både næringsliv og bygder slik at me stadig er i vekst.

Alle ynskjer å vera populære og attraktive, også Etne kommune. Ord som attraktivitet og omdømmebygging er blitt daglegdags tale i mange norske kommunar dei siste åra, og det har mange fordelar om ein er attraktiv med eit godt omdømme. Etne kommunen har rundt 300 årsverk og har rundt 30 tilsette på tinghuset. Er det dei som gjer kommunen meir eller mindre attraktiv? Svaret på dette er sjølvsagt nei. Etne kommune har 4039 innbyggjarar som alle kan vera med på å byggja opp eller riva ned eit omdømme. Me i Etne kommune er opptatt av å levera gode tenester, ein god kvalitet i kvardagen. Alle tilsette i kommunen jobbar aktivt kvar dag for at me skal gjera det beste me kan. Det er sjølvsagt slik at Etne kommune på grunn av sine tenester og oppgåver står i sentrum og er ein svært sterk påverkar av heile kommunen sitt omdømme. Men me er ikkje åleine. Me treng kvarandre for å driva fram eit godt omdømme. Me treng samhandling og samskaping i og mellom bygder, mellom alle innbyggjarane, i samarbeid med politikarane, i og mellom verksemdene, i alle lag og i det frivillige for å skapa det beste omdømmet. Dette er basert på tillit, og me må ha tillit til at alle vil kvarandre vel. Me skapar ikkje vekst i kommunen åleine, men me skapar det saman! Dette handlar om at me ser etter kvalitetar rundt oss og i kvarandre og framsnakkar det me får til. Det er lov til å skryta av kvarandre og av kommunen vår.

Me kjenner at me er i godt driv og tenkjer at forholda ligg til rette for god vekst framover. 

Etnemarknaden er med på å setja Etne på kartet. Me får visa oss sjølv og kvarandre kva me har og kva me får til, men det er også ei synleggjering for alle dei som er innom marknaden denne helga. Dei får sjå kva me får til, kva me har å visa og sjølvsagt kjenna på det engasjementet som er for marknaden og bygda vår.

Patriotisme handlar om å setja pris på det samfunnet me har og jobba samla for å forbetra det. Denne patriotismen, eller forankringa i grasrota dannar grunnlaget for at me skal kunne marknadsføra oss utanfor våre eigne grenser. Det å bygga omdømme og auka attraktiviteten for bygdene våre er ikkje noko ein kan gjera åleine – det gjer me saman!

Me vil ynskja alle utstillarar og alle som har eit bidrag på markanden mykje lykke til! Takk for ditt gode bidrag for eit godt omdømme. Me gler oss til å vera ein del av marknaden og ser fram til å møta også alle som er innom vår stand. Gratulera med Etnemarknaden for 40.gong!

Varm helsing frå Etne kommune