Foredrag med Simen Almås

Måndag 3. oktober inviterer Etne kommune, Etne frivilligsentral, Vindafjord frivilligsentral, Mental Helse Etne/Vindafjord & Åwesome Events vaksne, foreldre og tilsette som jobbar med ungdom med på foredrag med Simen Almås der fokuset vert sett på tematikk innanfor psykisk helse: livsmeistring, identitet, kropp og sjølvbilde.Simen Almaas - Klikk for stort bildePositiv endring 

Simen tar for seg livsglede og livsmeistring, der fokuset er på korleis kvar enkelt kan endra livet sitt frå negativt til positivt. Siden 2017 har han reist landet rundt og halde godt over 500 foredrag om sin veg “Tilbake til livet”. I dag er han ein av Noregs fremste og mest ettertrakta foredragshaldar innan psykisk helse.

Simen har sjølv gått gjennom traumatiske opplevingar i ung alder, og i foredraget går han i djupna på korleis ein som ung kan handtera små og store livsutfordringar. I foredraget set Simen fokus på korleis me som vaksne kan hjelpa ungdommar med å handtera livsutfordringar. Dette er eit foredrag som set livet i perspektiv og som gir ord til ettertanke. 

Foredrag for vaksne tar opp følgjande problemstillingar:   
- Korleis møte ungdommar som slit psykisk og går gjennom tøffe periodar/hendingar?
- Korleis rusta ungdom til å takla utfordringar?
- Kva reiskap kan me bruka for å oppnå større openheit mellom vaksen og ungdom?