Gratis pneumokokkvaksine (vaksine mot lungebetennelse)

Folkehelsa har motteke langt fleire dosar av Pneumovax enn tidlegare år. Alle som er anbefalt influensavaksine kan og anbefalast denne vaksina. Den beskyttar i inntil 10 år.

Photo by Diana Polekhina on Unsplash  

Dersom du ønskjer vaksine:

  • Kontakt oss på vaksinetelefonen 91344955 gjerne på SMS
  • Vaksinetelefonen er no betjent måndag, torsdag og fredag kl. 08.30 - 10.00. 
  • Eller møt på drop-in fredagar på Etne helsestasjon kl. 08.30-11.30. fram til 10.06.22.

Les meir her: Informasjonsark om vaksine mot pneumokokksykdom - FHI

Kort haldbarheit

Ein del av Pneumovaxdosane nærmar seg utløpsdato. For å hindra at viktige vaksinedosar må kastast, har Helse- og omsorgsdepartementet gitt Folkehelseinstituttet høve til å distribuera gratis 52 000 dosar Pneumovax til kommunane. Me har fått inn eit parti med vaksinar mot lungebetennelse, med kort haldbarheit. Vaksinane me no mottek er haldbare til 16. juni 2022.