Henting av juletre

I år tilbyr HIM å henta juletreet ditt. 

 

Når du har rydda av juletreet, kan du plassera det ved avfallsbehaldarane dine. Juletrea blir henta utanom faste ruter, derfor er det viktig at treet blir sett ut frå og med veke 2, og at det får stå til det blir henta, seinast i veke 4. 

Henting av juletre inngår i renovasjonsgebyret ditt, og du betaler ikkje ekstra for dette. 

Kun biologisk avfall blir henta

Treet skal vera heilt, og all pynt må vera fjerna.

Merk deg også at denne ordninga berre gjeld for juletre, ikkje for plastjuletre.