HIM hentar hageavfall

HIM tilbyr ein henteordning for hageavfall til alle hushaldskundar. For å levera hageavfall må du kjøpa hagesekk, som blir levert saman med restavfallet.

Hagesekkene kostar 50 kroner pr. stk. og tar 100 liter. Kvar sekk kan fyllast med maks 15 kilo.

Sekkene blir selde i HIM sine miljøparkar og på servicetorget på Tinghuset.

Burettslag og sameige må bestilla sekker og henting på eige skjema.

Korleis levere?

  • Hugs at ein sekk skal fyllast med maks 15 kilo, og ikkje over den stipla linja inne i sekken.
  • Sett hagesekkene ut saman med restavfallet på tømmedag. Du kan ikkje setja ut meir enn 3 sekker pr. tømmedag. Du har sjølv ansvar for at sekker står sikkert og ikkje velter når dei blir sette ut.
  • Vi sørger for at mest mogleg av hageavfallet blir kompostert og blir til ny jord. Derfor er det viktig at hageavfallet som blir samla inn ikkje er blanda med andre avfall.

Dette kan du levera i hagesekken

Kvister, greiner (del opp om dei er lange), lauv, gras, mose, ugress, hageplantar, buskar.

Dette kan ikkje leverast i hagesekken

  • Alt som ikkje er hageavfall, som matavfall, restavfall, grovavfall, plastavfall, el-avfall, farleg avfall, trevirke m.m.
  • Stein og jord, svartelista plantar/framande artar.

Alle som kjøper hagesekk skal få utlevert informasjonsskrivet vårt om hagesekk. Det kan òg lastast ned her:

Hagesekk – infoskriv 2022