Informasjon frå fastlegane

Klikk for stort bildeEtne kommune vil frå 1. oktober auke talet på fastlegar frå  6 til 7 stk.

Me har fått rekruttert den 7.fastlegen som er dr Lars Steen Jensen frå Danmark. Fleire av dykk kjenner Steen Jensen som har jobba som vikar hos oss sidan 2020. Velkommen til oss😊 Eric Mills vil òg fortsetje som fastlege, men med ei redusert pasientliste. Frå 4. oktober vil alle 7 legar vera på plass igjen etter permisjonar mm.

Då det er organisatoriske endringar hos legane så vil dette medføre endringar for fleire innbyggarar. Fastlegane har redusert tal pasientar på pasientlistene, og det betyr at nokre av innbyggarane vil få ny fastlege frå 1. oktober. Det er Helfo som organiserer dette og kommunen/fastlegen kan ikkje påverke kven som må skifte lege. Dei av dykk som får tildelt ny fastlege vil få melding om dette frå Helfo via digipost eller per brev.

Tabell som viser endring på pasientlister før og etter 1. oktober:

Fastlegar
Fastlege Tal pasientar
Eric W. Mills 500
Julie Rolland Jacobsen 600
Elisabeth Selland Winterthun 500
Karsten S. Hatteland 600
Idun Øvernes 650
Caroline Røssland 600
Lars Steen Jensen 850

 

Om innbyggarar ønsker å bytte fastlege etter endringa, så er det høve til å gjere det via helsenorge.no

Om bytte av fastlege - helsenorge.no