Informasjon om anleggsarbeid Teigland

Haugaland Kraft Fiber AS, i samarbeid med Statens vegvesen er i gang med å etablera fiber og gatelysanlegg på Teigland, mellom Åkrafjordtunnelen og Markhustunnelen.

Tveit Maskin AS er utførande entreprenør og arbeidet skal etter planen ferdigstillast juni 2023.
Kart under viser planlagde gatelys (turkis prikk):

Kart over gatelys - Klikk for stort bilde

 

 

 

 

 

 

 

Anleggsarbeidet vil medføra tidvis endra trafikkmønster i området, men ein prøver å leggja til rette for at naboar skal bli minst mogeleg negativt påverka av arbeida.

Kart Teigland - Klikk for stort bilde

Har de spørsmål knytta til utføring av anleggsarbeida, kan de kontakta anleggsleiar i Tveit Maskin AS:
Dagfinn Knutsen: Mobil 982 46 028
E-post: dagfinn@tveitmaskin.no