Informasjonskveldar for pårørande til menneske med rusmiddelproblem

Velkommen til to informasjonskveldar til deg som er ramma av andre sin bruk eller er avhengig av rusmidlar.

Blå Kors logo - Klikk for stort bilde 

Dette er eit frittståande tilbod for deg som pårørande og fagperson. Du treng ikkje å ha tilknyting til Blå Kors Haugaland A-senter. Informasjonskveldane er eit gratis tilbod.

Både pårørande, pasientar og fagpersonar er velkommen på kveld 1, mens kveld 2 er for dei pårørande. Det er høve til å komme med spørsmål og problemstillingar.

Det vil vera ein fordel å delta på begge kveldane.

Tema for kvelden:

  • Kva er Blå Kors Haugesund A-senter og vårt tilbod?
  • Kva vil det sei å vera avhengig?
  • Pårørande sine eigne rettar og informasjonsbehov
  • Erfaringar frå brukarrepresentant

Datoar:

Onsdag 21.09.22 og torsdag 22.09.22

Onsdag 23.11.22 og torsdag 24.11.22

Endringar kan forekomme

Stad: Haraldsgata 16 (Hovudinngang frå Strandgata), 5528 Haugesund

Tidspunkt: Kl. 17.00-19.00

Påmelding:

Påmelding ved å ta kontakt med Anne Bjelland Rønnevik på tlf. 52 73 30 00 eller ved å sende ein e-post til anne.bjelland.ronnevik@bk-vest.no

Avgrensa med parkering. Lett servering.

Ønsker du meir informasjon om tilbodet er du velkommen til å ta kontakt med Blå Kors Haugaland A-senter på tlf. 52 73 30 00.

Besøk gjerne nettstaden: www.haugaland-asenter.no, eller følg dei på Facebook.

Hjarteleg velkommen!