Invitasjon til Landbrukskonferansen - Stolt bonde med tru på framtida

Velkommen til landbrukskonferansen – Stolt bonde med tru på framtida 30. januar 2023 i Ølen kulturhus på Sjøperlo i Ølen. 

Det er over 200 som har meldt seg på konferansen.

Registrering frå kl 09.00, programmet startar kl 0930.

Det er mogleg å parkere både ved Ølen senter og på eigen parkeringsplass aust for Sjøperlo (Ølen kulturhus)

Gjennom godt nettverksarbeid har me kome fram til at satsing på klimasmart landbruk, smart lokalmat og teknologi og forsking vil sikre ein framtidsretta næring som gjer at me får ein stolt bonde med tru på framtida. 
Konferansen vil gje deg inspirerande føredrag på desse tema.

Saman med denne satsinga har med samla landbrukspolitikken på nasjonalt, regionalt og lokalt politisk nivå slik at landbruket på Haugalandet blir aktualisert. 
Landbruks- og matministeren, leiaren i Norges bondelag og leiaren i norsk bonde og småbrukarlag kjem - kjem du?

Program og invitasjon med påmelding ligg vedlagt. Påmelding også på direktelink her

Landbrukskonferanse program (PDF, 819 kB)

Program

09.00 Velkommen
Ved ordførar Ole Johan Vierdal og konferansier Tor Øyvind Skeiseid

  • Matberedskap. Tidlegare forskar vedForsvarets forskingsinstitutt, Jan Ivar Botnan

LANDBRUKSPOLITIKK

Ny nasjonal politikk opp mot mogelegheitsrom for landbruket

  • Landbruks- og matminister Sandra Borch
  • Bonde og småbrukarlaget ved Tor Jakob Solberg
  • Norges Bondelag ved Bjørn Gimming
  • Paneldebatt

11.40-12.25 Lunsj

KLIMASMART LANDBRUK, SMART LOKALMAT OG TEKNOLOGI

  • Bionova - Programansvarleg Innovasjon Norge, Olve Sæhlie
  • Biovind (Biobonden) - Styreleiar Rune Furseth
  • Klimasmart landbruk - med blant anna berekraftdirektør Cecilie Hultmann i Nortura

14.05-14.30 Beinstrekk

INSPIRASJON

  • Utdeling av Haugesund Sparebank sin berekraftspris
  • Inspirerande bonde – derfor har eg tru på næringa!
    Olav Tufte

Vel heim!
Ved ordførarane

Pris: kr. 250,-