Kjære innbyggar i Etne kommune

Klikk for stort bilde  

Takk for at de har bidratt på dugnaden!
Takk for at de har halde ut med alle råd og anbefalingar!
Takk for at de har vaksinert dykk!
Takk for at de testar dykk ved sjukdom!
Takk for at de vaskar hender!
Takk for at de har lest våre pressemeldingar!
Takk for alle spørsmål!
Takk for at de ikkje reiste på unødvendige reiser!
Takk for at de har halde hjula i gong!
Takk for at de har halde meteren!
Takk for at de har teke vare på kvarandre!

Nå har helseminister Høie bretta saman meterstokken, Covid-19 forskrifta er fjerna og justis- og beredskapsministeren har sagt «God tur» til reiselystne. Me gjer det same!

Det er berre nokre små råd som står igjen, like viktig mot influensa som mot Covid-19

  1. Hald deg heime om du er sjuk. Bruk dette flytskjema om du er i tvil: Flytskjema nyoppståtte luftveissymptomer - FHI
  2. Ha god hand og hostehygiene
  3. Godt reinhald forebygger luftvegssjukdom

Meir informasjon om gjenopninga i Noreg finn de på: Norge går over til en normal hverdag med økt beredskap - regjeringen.no og Normal hverdag med økt beredskap - FHI

Takk!

Med venleg helsing

Mette Heidi Bergsvåg Ekrheim
Ordførar

Bjørn Tollefsen
Kommunedirektør

Elisabeth Selland Winterthun
Kommuneoverlege