Kultur- og frivilligprisen

Klikk for stort bildeMarton Hustoft får overrekt det synlege beviset på at han har fått kultur- og frivilligprisen av ordførar Mette Heidi Bergsvåg Ekrheim. Grannar/Magne Skålnes Prisen er ein heider og ei påskjønning for frivillig arbeid og/eller kulturinnsats. I helga fekk Marton Hustoft utdelt prisen for 2020, og nå er tida inne for å foreslå kven du meiner bør få prisen for 2021.

Marton Hustoft fekk tildelt prisen i november 2020, men først nå kunne ordføraren endeleg få overrekka det synlege beviset med bygdefolket som publikum. Med prisen føljer også ei pengegåve på kr 10.000.
Marton fekk prisen for stor og aktiv innsats i mange lag over mange år, - både Etne Røde Kors, Lions Club Etne og Etne Turlag/Haugesund Turistforening. Han blir omtala som lett å be, alltid positiv og klar til å hjelpa både enkeltpersonar og lokalsamfunnet. Gratulerer til ein verdig prisvinnar!

Og nå er tida inne for å føreslå kandidatar til Kultur- og frivilligprisen for 2021. I statuttane for kven som kan få prisen står føljande:

«Prisen kan utdelast til personar, lag eller organisasjonar som har gjort ein aktiv innsats for å styrke kulturlivet og/eller frivillig arbeid innan kommunen, eller som har bidrege til å gjere Etne kommune kjend utover landet på det kulturelle plan». Driftsutvalet avgjer kven av dei føreslegne kandidatane som får prisen på novembermøtet. Grunngjevinga må vera kort og sakleg med faktaopplysningar som er kvalitetssikra slik at utvalet kan gjera vedtak på rett og rettferdig grunnlag.

Meir informasjon, statuttar og skjema for å føreslå kandidat:

Kultur- og frivilligprisen - Etne kommune