Lotteri- og stiftelsestilsynet har opna for ny søknadsrunde om straumstøtte
Søknadsfristen er 15. februar klokka 13.00. No kan du søkje straumstøtte for perioden oktober til desember 2022. Lotteri- og stiftelsestilsynet vil betala ut straumstøtte fortløpande etter dei har opna for søknadar, slik at dei som søkjer tidleg kan få pengane raskast mogleg.
Straumstøtteordninga gjeld for organisasjonar med straumforbruk med ein månadleg gjennomsnittspris på over 70 øre per kWt i søknadsperioden. Mottakarar får dekt 90 prosent av prisforskjellen mellom 70 øre per kWt og den månadlege gjennomsnittsprisen. I dei tidlegare søknadsrundane har kompensasjonsgraden vore 80 prosent.
Kven kan søkja?
Søkjar må ha organisasjonsnummer for å kunna søkja, og desse organisasjonane har rett til å søkja:
- Verksemder som er registrerte i Frivilligregisteret. Me oppfordrar organisasjonar som oppfyller kriteria, til å registrera seg.
- Verksemder som ikkje er registrerte i Frivilligregisteret kan søkja dersom eigarar/medlemmer med bestemmande innverknad er registrerte i Frivilligregisteret. Dette gjeld til dømes idrettslag som har skilt ut drifta i eit eige selskap som ikkje er registrert i Frivilligregisteret, der idrettslaget har den bestemmande innverknaden.
- Andre frivillige verksemder som ikkje er registrerte i Frivilligheitsregisteret: Kan få støtte dersom verksemda hovudsakleg er driven av frivillig arbeidsinnsats og det ikkje er høve for privatpersonar eller kommersielle føretak å oppnå økonomiske fordeler frå verksemda. Med frivillig arbeidsinnsats meiner me menneske som bidrar utan løn eller anna form for økonomisk motyting, verken no eller i framtida. Til dømes kan frittståande kyrkjelyds- og forsamlingshus under Den norske kyrkja, grendahus og lokale forsamlingshus søkja om dei hovudsakleg er drivne av frivillig arbeidsinnsats.
Les meir om vilkåra for ordninga og korleis du kan søke her.