Mangel på arbeidskraft i skogen

 I Vestland er det eit stort behov for arbeidskraft til å plante skog etter hogst. Plantene ligg på kjølelager og næringsaktørane treng hjelp til å setje dei i jorda.

Planting av skog er ein sesongbasert aktivitet, og normalt sett nyttast arbeidskraft frå utlandet kvar vår og haust. På grunn av innreiserestriksjonane som følge av covid-19 er vi i same situasjon no som våren 2020. Den gongen gjorde ein storstilt organisering at planlagd aktivitet blei gjennomførd. Mellom anna fekk elevar frå vidaregåande skule i Førde god opplæring og oppfølging i skogplanting. Dei tente då gode pengar på å plante i lag med mange andre lokale ressurspersonar, med ulik bakgrunn og erfaring frå skogbruk.

På kjølelager ligg det omkring ein million skogplanter som er planlagt planta i Vestland fram mot sommaren, og som skogbruksaktørane er usikre på om dei har arbeidskraft nok til å plante. Plantinga skal i hovudsak skje i Indre Hordaland, Nordhordland, Sunnfjord og Nordfjord, men det vil vere ein viss aktivitet overalt.  

Aktørane har difor behov for å engasjere personar som kan gjere ein praktisk jobb med planting av skog eller vere arbeidsleiar for ei arbeidsgruppe. Arbeidet er fysisk og går føre seg ute i skog og mark.

Ta kontakt med næringsaktørane eller skogansvarleg i din kommune eller nabokommune om du eller nokon du kjenner er interessert i gjere ein jobb for å få opp ny skog i Vestland. Sjå oversikten under for nærare informasjon om kontaktpersonar.

Skogansvarleg i Etne kommune

Annbjørg Bue, annbjorg.bue@etne.kommune.no