Melding om oppstart av endring av detaljregulering for Skålnes - Hagavik gnr./bnr. 137/9 m.fl., Skånevik

I samsvar med plan- og bygningslova § 12-8 vert det med dette meldt at ABO Plan&Arkitektur Stord på oppdrag for Skånevik Utvikling/Tungesvik Bygg AS, set i gang arbeid med endring av detaljregulering for Skålnes - Hagavik gnr./bnr. 137/9 m.fl., Planid 202202, Etne kommune. Oppstartsmøte er gjennomført 05.12.2022.

Kart over Skålnes og Hagavik  - Klikk for stort bilde

Planstatus og føremål

I gjeldande kommuneplan er planområdet sett av til område der reguleringsplan forsatt skal gjelda, reguleringsplan R-92 Skålnes - Hagavik (2006). Delar av reguleringsplan R-92 Skålnes - Hagavik vil verta oppheva som del av planarbeidet , jf. plan- og bygningslova § 12-14.

Detaljreguleringa sitt hovudføremål er å legge til rette for utvikling og fortetting av området. Ein vil sjå på fortetting av både bustader og fritidsbustader, justere vegtilkomst, justere og endre plassering av tomter, erstatte campingområde med friområde samt regulere sjøbuer i Hagavik. I tillegg vil ein oppdatere planverket til dagens standard for detaljreguleringsplanar.

Planområdet

Storleiken på planområdet er om lag 47 daa. Avgrensinga av planområdet er synt på vedlagt kartutsnitt.
Det er utarbeida ei prinsippskisse for området som syner mogleg utvikling. Dette er ei skisse i tidleg fase, og endringar må påreknast. Skissa ligg vedlagt.

Planområdet er avgrensa med bakgrunn i tiltakshavar sin eigedom, samt behov for infrastruktur og heilskap i området. Innanfor området er det i dag eit eldre bustadhus, to fritidsbustadar og eit naust, ei løe og nokre mindre uthus/buer.

Viktige utgreiingar

Det er vurdert konsekvensutgreiing etter KU-forskrifta, og kommunen har vurdert at planen ikkje fell inn under vilkår for slik utgreiing då planframlegget i hovudsak er i samsvar med overordna planar, og ikkje vil ha vesentlege verknader for miljø og samfunn, jf. KU-forskrifta §§ 8 og 10.

Sjølv om planen ikkje utløyser krav til konsekvensutgreiing krev pbl § 4-2 at verknadar av planframlegget vert vurdert. Særleg vil vurderingar knytt til naturmangfald, friluftsliv, strandsone, landskap, andre ålmenne interesser, samt samfunnsverknad/ sosial infrastruktur leggast vekt på. Sjå planinitiativet og referat frå oppstartsmøtet for detaljar.

Saksdokument og merknader

Eventuelle synspunkt på planen skal sendast skriftleg

Det er ikkje naudsynt å sende kopi av merknader og innspel til kommunen - dette vil ABO Plan & Arkitektur Stord AS ivareta i samband med innsending av planframlegg.
Oppstartsmelding, planinitiativ og referat frå oppstartsmøte er tilgjengeleg her, samt på ABO sine nettsider.

Vidare arbeid

Etter at fristen for merknader er gått ut, vil ABO utarbeide eit planframlegg som inneheld planomtale, plankart og føresegner. Ferdig planforslag vil så verta sendt kommunen for handsaming. Etter 1. gangs politisk handsaming vert planframlegget sendt på ny høyring og lagt ut til offentleg ettersyn. Det vil også då vera moglegheit for å koma med merknadar til planframlegget før ny politisk handsaming av planforslaget.

Med venleg helsing
ABO Plan & Arkitektur Stord AS
Merete Refstie Hageberg

Vedlegg

Oversiktskart, planavgrensing, prinsippskisse (PDF, 5 MB)

Planinitiativ (PDF, 750 kB)

Referat oppstartsmøte Skålnes-Hagavik (PDF, 412 kB)