Menn søkes!

Bli med på digitalt informasjonsmøte

Seks kommunar på Haugalandet og Sunnhordland er med i eit nasjonalt rekrutteringsprogram der arbeidssøkande menn mellom 25 - 55 år får tilbod om eit komprimert og forutsigbart utdanningsløp fram mot fagbrev som helsefagarbeidar.

   

Om kurset

Nytt kull skal no startast opp og vi søker etter nye menn som er mann nok til å visa omsorg og til å ta ei utfordring. Det vil bli gjennomført både digitale og fysiske informasjonsmøte. Ein kan velja mellom fysiske møte som blir haldne på Vormedal ungdomsskule onsdag 5. januar kl. 1700 og på Stord hotell onsdag 19. januar kl.1300. Ein kan òg velja å sjå eit digitalt informasjonsmøte når ein sjølv måtte ønska. Tilgang til det digitale informasjonsmøtet får ein ved å venda seg til sin Nav-rettleiar. Det digitale informasjonsmøtet kan ein følgja fram til 3. februar. 

På informasjonsmøta blir det orientert om Menn i helse, utdanninga og jobbmoglegheitene. I februar og mars vil det bli gjennomført intervju. Etter intervju vil eigna og motiverte kandidatar få tilbod om ein 12 vekers rettleidd praksisperiode som helserekrutt på sjukeheim eller tilsvarande. Deretter er det sommarjobb og vidare utdanningsløp fram mot fagbrev som helsefagarbeidar.

Er du vår neste mann? Grip moglegheita! Kjenne du nokon som fortener moglegheita? Tips han om Menn i helse!

Link til teaser

Link til menn i helse