Ny tilskotsordning til mangfalds- og inkluderingstiltak i idrett og fysisk aktivitet

Lotteri- og stiftelsestilsynet forvaltar ei ny tilskotsordning som skal legga til rette for auka deltaking i idrett og fysisk aktivitet for alle barn og unge. Det kan givast tilskot til prosjekt eller eingongsutgifter.

 

Det er opna for søknader og søknadsfristen er 13. juni, klokka 13.00.

Det er frivillige lag og organisasjonar og kommunale fritidsklubbar eller ungdomshus som kan søka tilskot. Idrett og fysisk aktivitet kan vera både organisert idrett og eigenorganisert idrett og fysisk aktivitet, som til dømes friluftsliv.

Tiltaka skal retta seg mot målgruppene for ordninga:

  • Barn og ungdom frå 6-19 år i familiar med vedvarande låginntekt.
  • Jenter med minoritetsbakgrunn frå 6 til 19 år, og jenter frå 6 til 19 år generelt i samanhengar der jenter er underrepresenterte eller opplever særskilde barrierar.
  • Personar med funksjonsnedsetting. Denne målgruppa er ikkje aldersavgrensa.
  • Noverande og framtidige unge leiarar og trenarar, opp til 26 år, som er jenter/kvinner, personar med funksjonsnedsetting eller personar med minoritetsbakgrunn.

Les meir om regelverket for ordninga på Lotteri- og stiftelsestilsynet nettsidene sine.