Oppdatert - 4. dose koronavaksine - ny Comirnaty Orginal/Omicron

Ekstra drop in dagar til alle over 65 år og risikogrupper som enno ikkje har fått påfyll vaksine. 

  

Vaksineringstidspunkt
Stad Dag Tid
Etne helsestasjon Fredag 23. september kl. 09-12
Skånevik helsestasjon Måndag 26. september kl. 13-15
Etne helsestasjon Fredag 7. oktober kl. 09-12

Det blir tilbydd den nye Comirnaty Original/Omicron BA.1 til oppfriskingsvaksinering.

Me har og Comirnaty original til grunnvaksinering for dei som enno ikkje har fått 3. dose.
Oppfriskingsdose tidlegast 4 månadar etter siste vaksinedose. Du skal ikkje ta korona vaksine før 3 veker etter eventuelt gjennomgått koronainfeksjon.

Oppdatert informasjon frå FHI om 4. dose

Anbefalingar gjeld no alle desse gruppene:

  1. Oppfriskingsdose til alle over 65 år
  2. Oppfriskingsdose  til personar i aldersgruppa 18-64 år med underliggande risiko for alvorleg sjukdomsforløp
  3. Oppfriskingsdose  til ungdom i aldersgruppa 12-17 år med alvorleg grunnsjukdom
  4. Oppfriskingsdose  til gravide

 

Det er og kome justeringar om intervall
Forutsatt bekreftet covid-19 kan man vente i 3-4 måneder med å ta en oppfriskningsdose. Personer som ønsker en oppfriskningsdose tidligere, kan tilbys det forutsatt at det har gått minimum 3 uker etter tilfriskning

Sjå utfyllande informasjon: Informasjonsbrev_nr_51_om_koronavaksinasjonsprogrammet_.pdf

Kontakt

Spørsmål knytt til vaksinering tlf.: 91344955
Open 08.30-11.00 måndag til fredag.
Me oppmodar deg til å sende sms så ringer me deg ved ledig tid.