På studietur til København

3.-5. mai var Olav og Eileen frå prosjekt saman med kommunalsjef Åsmund og kommunedirektør Filippo til København på studietur. Turen vart dekka av Vestland Fylkeskommune for å auka kommunane sitt fokus på lokalmiljø. Turen var knytt til Nyskapande Aktivitetsanlegg, eit prosjekt med mål om å skape nyskapande og innovative anlegg for fysisk aktivitet og idrett. 

Fargerikt innemiljø - Klikk for stort bilde
Utemiljø med sittebenk - Klikk for stort bilde

Etter ein kort søknadsprosess vart Etne kommune plukka ut til å reise. Gjennom 3 tette dagar fekk me sjå korleis frivillige, kommunale og private aktørar planlegg (og får til!) eit breitt og inkluderande fritidstilbod for menneske i alle aldrar. Etne kommune har frå før fått dekka eit stort og omfattande forprosjekt for uteområdet til ungdomsskulen på Skakke (Skakkeringen). Metodikken til forprosjektet vidareførte kommunen til Skånevik skule og Kulturaksen. Deltakinga i København set Etne på kartet i fylkessamanheng, og me håpar på å få tildelt torg- og kaiområdet i Etnesjøen som nytt forprosjekt frå Nyskapande Aktivitetsanlegg.

Eit lite utval

Folkehuset Absalon

Eit uformelt forsamlingshus med fokus på mellommenneskelege relasjonar. Her har Lennart saman med kona fått til eit hus med rom for musikk, keramikk-kurs, bordtennis, middag, konsertar, yoga – alt i ei nedlagt kyrkje. Her står det ein godstol i ein kvar krok. Og du kan gløyme å sjå etter WC-skiltet, for her vert du oppfordra til å ta kontakt og starte ein samtale.

Artistar - Klikk for stort bilde
Folk som spelar volleyball - Klikk for stort bilde
Innemiljø i ombygd kyrkje - Klikk for stort bilde

Idrætsbyen i Espergærde

Eit samlingspunkt med klasserom og gymsalar til bruk på tvers av idrettslag og skule. Her er barrierane mellom bruk og deltaking brutt ned. Amfi/samlingsplass saman med klatrevegg og tjukkasar til fri bruk mellom organiserte timar, og store vindauge mellom opphaldsrom og idrettshallar skapar interaksjon. Her vert nivåforskjeller brukt aktivt for å gi variasjon og sosiale soner på tvers av aktivitetane.

Klatrevegg - Klikk for stort bilde
Svalgang - Klikk for stort bilde

Street Mekka

Gateaktivitetar innandørs; basket, fotballbane og skating omkransa av sosiale soner. Her finst lokale for dans og musikk med bruk av glas som innbyr til deltaking. 
(Bilete frå Street Mekka i København og i Aalborg. Sistnemnde var ikkje på programmet).

Gatemiljø innandørs, barn i balleik - Klikk for stort bilde
Gatemiljø innandørs - Klikk for stort bilde

Her er det mykje som verkar, og solid teori ligg bak. Særleg varmande for eit realfagleg hjarta var tilnærminga til, og tilsynelatande beviset om årsakssamanhengen mellom ungdom som strevar og fysisk aktivitet. Gjennom lågterskel-tilbod, lett tilgjengelegheit og fråvær av barrierar viste fleire prosjekt ei auka deltaking blant ungdommen i både store og små bydelar i København.

Me ser fram til å implementera idéar og metodikk også hjå oss!