Planvedtak: Detaljregulering for Mortveit molo/småbåthamn

Kommunestyre har i sak 018/23 i møte 02.05.2023 endeleg godkjend detaljregulering for Mortveit molo/småbåthamn, planid 201508 etter §12-12 i plan- og bygningslova.

Kart Mortveit molo - Klikk for stort bilde

Planen omfattar småbåthamn med ny steinmolo, vegføremål, friluftsføremål og friluftsområde i sjø.

Her er lenker til:
-    Plankart revidert 08.06.2018 (PDF, 3 MB)
-    Føresegnene til planen revidert 24.02.2023 (PDF, 102 kB)
-    Vedtak (Møtebok) (PDF, 2 MB)
-    Planomtale revidert 24.02.2023 (PDF, 7 MB)
-    ROS-analyse dagsett 14.12.2015 (PDF, 445 kB)
-    Trekking av motsegn, Statsforvaltaren i Vestland, dagsett 09.06.2022 (PDF, 693 kB)
 

Kommunestyret sitt endelege vedtak kan klagast på jf. plan- og bygningslova §§12-12 og 1-9 samt  forvaltningslova kap. VI. Eventuelle klager skal leverast skriftleg til Etne kommune, Sjoarvegen 2, 5590 Etne, eller på e-post til: 
post@etne.kommune.no. Klage må sendast innan 05.06.2023.

Eventuelle krav om erstatning eller innløysing må setjast fram innan 3 - tre - år frå denne offentlege kunngjeringa av vedtaket, jf. § 15-3 i plan- og bygningslova. Eventuelle krav må leverast skriftleg til Etne kommune.