Pressemelding 02.06.21

Klikk for stort bildeStatus
Det er ikkje meldt om koronasmitta personar i Etne kommune. Risikonivå er sett til 1. I løpet av veke 22 går skulane og barnehagane i Etne kommune over til grønt nivå.

Vaksinasjon

Denne veka får me 258 vaksinedosar. Sjølv om mange skal ha sin 2. dose er det også mange som skal få fyrste dose. Me startar nå vaksinasjon av gruppe 6 denne veka og held fram med den gruppa i veke 23 også. I veke 23 får Etne kommune 168 dosar vaksine.

Me vil igjen oppmoda alle som får sms om at det er deira tur til å bestille time til vaksinasjon om å logge seg inn på lenka og bestille time så raskt som mogleg. Om ein ikkje ynskjer vaksine kan ein logge seg inn og hake av for «Nei» .

Det er bestemt at det blir ein nasjonal omfordeling av vaksiner. Det betyr at Etne vil få litt mindre vaksiner i juni, men desto fleire vaksiner i veke 29, 30 og 31. Me sender ut informasjon om kven som skal vaksinerast så snart me får eksakte tal.

Klikk for stort bilde 

De kan kontakta oss på følgjande måte:

Koronavaksinetelefonen: 91344955. Open måndag til fredag 08.30 til 10.00. Send gjerne ein sms.

Eller send ein e-post til: koronavaksine@etne.kommune.no


Etne kommune