Pressemelding 03.05.21

Klikk for stort bildeStatus: Det er ikkje meldt om smittetilfelle av Koronavirus i Etne kommune siste veka. Smittesituasjonen i omliggande kommunar er roleg og risikonivået til Etne kommune er satt til nivå eitt.

Vaksinasjon

Denne veka får me 18 glas med vaksine, noko som svarar til 108 dosar. Denne veka skal me gjere oss ferdige med gruppe 4, dvs alle over 65 år og personar mellom 18-64 år med høgrisikotilstandar.

Klikk for stort bilde 

Helse og omsorgsdepartementet har nå meldt om endring i tidsintervallet  mellom dose 1 og 2 for Pfizer/BioNTech vaksinen for friske personar under 65 år. For gruppe 8,9 og alle mellom 18-44 år blir det nå 12 veker mellom kvar vaksinedose. Årsaka er at studier viser god beskyttelse etter første dose, som gjer at fleire vil kunne få tilbod om vaksinering raskare.

Les meir om dette her: Utvider tidsintervall mellom første og andre vaksinedose slik at flere blir raskere vaksinert - FHI

Neste vaksineoppdatering kjem tysdag i veke 19.

Om du treng hjelp til noko kan du ta kontakt med oss på fylgjande måte:

Koronavaksinetelefonen: 91344955. Open måndag til fredag 08.30 til 10.00

Eller send ein e-post til: koronavaksine@etne.kommune.no


Etne kommune