Pressemelding 05.04.21

Status: 

Det er ikkje meldt om nye smittetilfelle av Covid-19 i Etne kommune i påskeveka. Status på Haugalandet tyder også på ei betring i dei omkringliggjande kommunane.

Risikonivået vert difor senka frå fire til tre, men vil bli vurdert fortløpande. Den første tida etter ferie og høgtider har tidlegare vist seg å medføra oppblussing i smittetala i heile landet, og me må være svært forsiktige framover og ta omsyn til smittevernstiltaka.

I Etne gjeld den lokale forskrifta fram til midnatt i dag. Frå i morgon gjeld dei nasjonale reglane for alle. Desse gjeld til 14. april og regjeringa vil koma med ei vurdering før dette.
Her er lenka som beskriv desse i detalj: Forlengelse av strenge nasjonale tiltak - regjeringen.no

Vaksinasjon

I veke 14 får me tildelt 18 glas med vaksina frå Pfizer/BioNtech, det svarar til 108 dosar. Me startar nå å vaksinera gruppe 4. Det er alle med høgrisiko, og dei i aldersgruppa 65-74 år. Det vil då være 108 personar som får sin første dose. I neste veke får me 22 glas, noko som svarar til 132 dosar.

Etne kommune