Pressemelding 08.06.21

Klikk for stort bilde  Status

I slutten av førre veke fekk Etne kommune meldt om ein person med positiv Covid-19 test. Smittesporing blei iverksett og situasjonen blir vurdert som avklart. Risikonivået i kommunen er vurdert til nivå 1.

Smittevernlegen vil oppmoda alle som har symptom på luftvegssjukdom om å bestilla seg test på testkontoret i Ølen.

I tillegg må me oppmoda alle om å hugsa på dei enkle råda om å halde seg heime om ein er sjuk, halde avstand og halde hendene reine.

Vaksinasjon

Denne veka skal me vaksinere med 168 dosar Pfizer. Me vaksinerer personar i gruppe 6 denne veka.

Om det er personar i Etne kommune som meiner dei høyrer til risikogruppe 4, 5 eller 6, men ikkje har fått tildelt time oppmodar med dykk om å kontakte eigen fastlege slik at vaksinekontoret får beskjed frå denne.De kan lese meir om risikogruppene her:  Hvem kan få koronavaksine, og når forventer vi å kunne vaksinere ulike grupper? - FHI

I veke 24 startar me vaksinasjon av gruppe 7. I denne gruppa er det totalt 130 personar som snart kan sjå fram til vaksine.

Klikk for stort bilde  

Me minner om at me ikkje veit kor mykje vaksinar me får etter veke 24. Me kan derfor ikkje vera spesifikke på dag og dato for vaksinasjon for dei som lurar på dette.  

De kan kontakte oss på følgande måte:

Koronavaksinetelefonen: 91344955Open måndag til fredag 08.30 til 10.00. Send gjerne ein sms.

Eller send ein e-post til: koronavaksine@etne.kommune.no

Helsing Etne kommune