Pressemelding 13.04.21

Status: 
Det er ingen meldte tilfelle av Covid-19 i Etne kommune. 

Det er utbrot i Ullensvang kommune og ennå nokre tilfelle av smitte på ytre Haugalandet. Situasjonen er meir oversiktleg den siste tida og risikonivået blir redusert til nivå to for Etne kommune. 
Me vil minna om at dei nasjonale reglane gjeld til og med 14. April, men det vil koma ei pressekonferanse frå regjeringa i forkant av denne datoen som kan endre dei gjeldande råda.  

Vaksinasjon

Me startar i denne veka vaksinasjon av gruppe 4, som innfattar alle mellom 65 år og 74 år og enkelte med høgrisikotilstandar. Dei som har fylt 65 år mellom 1. januar 2021 og til dagens dato har framleis ikkje fått ei innkalling frå oss, men det vil komma. I denne og neste veka får me tildelt 22 glas, noko som svarar til 132 dosar kvar veke.
Det er mange som ringjer for å høyre kor deira plass i køen er, men det er sjeldan me kan gi eksakte svar på dette. Alle vil få beskjed om når det blir vaksinasjon gjennom sms, omlag 2 til 7 dagar før vaksinasjon.