Pressemelding 19.04.21

 Status: Det er ingen tilfelle av Covid-19 i Etne kommune, og svært få tilfelle av Covid-19 i kommunane rundt oss. Risikonivået blir derfor satt til 1.

I Etne kommune føl me nå dei nasjonale reglane og anbefalingane. Me vil minna om at det er viktig å teste seg på teststasjonen i Ølen om ein skulle oppleve sjukdomskjensle eller luftvegssymptom.

Vaksinasjon

Me er nå godt i gang med vaksinasjon med gruppe 4. Det er dei som er 65 til 74 år, eller i ei høgrisikogruppe. Dersom det er folk busette i Etne kommune som er født FØR 1949 som no ikkje har fått tilbod om vaksine så ynskjer me at de tek kontakt på Helsestasjonen på telefon 53758108.
I veke 16 får me 132 dosar Pfizer/BioNtech vaksine, og veke 17 får me 168 dosar av same vaksina.
Me skal snart starte med elektronisk timebestilling, og det kjem meir informasjon om dette i løpet av veka på kommunen sin nettstad.

Ha ei fin veke

 

Etne kommune