Pressemelding 19.11.21

Klikk for stort bildeEtne kommune fekk covid-19 smitte på institusjon for ca. 2 veker sidan.  Totalt vart 3 tilsette og 3 bebuarar smitta.  I dag døydde ein av bebuarane som var smitta.  Våre varmaste tankar går til dei pårørande.

Sidan måndag har kommunen hatt 6 innbyggjarar som har testa positivt for covid-19. Smittesporing er gjennomført og det er kjente smittevegar. Det er gjort ei vurdering av smittesituasjonen for vår kommune og råd til innbyggjarar frå sist veke vil bli vidareført. 

Lokale tilrådingar gjeld fram tom måndag 29.11

Det har nå vore aukande smitte i vår region dei siste vekene. Dette bidreg til auka press på sjukehuset og helsetenestene i kommunane. I tråd med tilrådingar frå Helsedirektoratet og Folkehelseinstituttet gir kommunen følgjande forsterka råd til innbyggjarane, også dei som er vaksinert:

• Hald deg heime om du er sjuk med nyoppståtte luftvegssymptom – og test deg.

• Hald avstand til andre der det er mogeleg i det offentlege rom, gjerne ein meter.

• Vurder bruk av munnbind dersom det ikkje er mogeleg å halda minst ein meters avstand innandørs i det offentlege rom.

• Vurder bruk av heimekontor når det er mogeleg.

• Reduser mengd nærkontaktar.