Pressemelding 26.04.21

Klikk for stort bildeStatus: Det er ingen smitta i Etne kommune siste veka. Det sit nokre få personar i karantene. Det er generelt lite smitte i kommunane rundt oss, og Helse Fonna har nå grøn beredskap. Risikonivået i Etne kommune er derfor på nivå 1 i starten av veke 17.

Vaksine

Svært mange i gruppe 4 (65-74 år og personar med høgrisiko) er nå vaksinert mot Covid-19. I veke 18 blir me ferdige med gruppe 4 og startar på gruppe 5 (risikopasientar mellom 55-64 år). I veke 17 får me tildelt 168 dosar vaksine, og i veke 18 får me 108 dosar. Alle som er fødd før 1955 skal nå ha fått tilbod om vaksine. Om du tilhøyrar denne aldersgruppa og ikkje har høyrt noko så må du ta kontakt (sjå lengre nede).

Klikk for stort bilde 

Me opnar nå for elektronisk timebestilling til koronavaksine frå veke 18.

Det skal gå føre seg slik:

Når det er din tur til å få vaksine vil du få ein sms på det telefonnummeret som du har oppgitt i Folkeregisteret. Det er derfor viktig at desse telefonnummera er riktige. Om du veit at dette ikkje stemmer må du ringa til oss på koronavaksinetelefonen, eller sende ein epost. (sjå lengre nede)

I sms som du får står det ei lenke til timebestilling. Du kan bruke denne på telefonen din dersom du har ein smart telefon, eller du kan skrive den inn i nettlesaren på pc’en din og opne den der. I starten må du samtykke til vaksine, og fylle ut nokre spørsmål. Du treng BankID for å logge deg på.

Etter kvart skal du velje deg ein time på ein av stasjonane som er ledig. Du får meir informasjon i den tilsendte sms’en.

Dersom du ikkje ynskjer vaksine kan du gi beskjed til oss ved å sende oss ein e-post eller ringe koronavaksinetelefonen. Då slepp du at me ringer deg for å høyre om du treng hjelp til timebestillinga 😊

Om du treng hjelp til noko kan du ta kontakt med oss på fylgjande måte:

Koronavaksinetelefonen: 91344955. Open måndag til fredag 08.30 til 10.00

Eller send ein e-post til: koronavaksine@etne.kommune.no

Etne kommune